Osterøybrua

 

Rektor Fotlandsvåg skule

 

 

Om Fotlandsvåg skule

Visjonen til Osterøyskulen er lærelyst og meistring for framtida.

Hos oss på Fotlandsvåg er tryggleik, trivnad, inkludering og læring for alle elevane viktig, og me arbeider for å gjere kvarandre gode i dag, og i framtida.

Skulen har eit aktivt elevråd som arbeidar for at alle elevane på skulen skal få ein best mogleg skulekvardag.

Fotlandsvåg skule er ein fådelt barneskule. Me ligg vegg-i-vegg med Fotlandsvåg barnehage og har gode føresetnader for eit godt samarbeid, og ein trygg og god overgang i frå barnehage til barneskule for elevane.

Me er heldige og har kort veg til Fotlandsvåg Arena, Herlandsvatnet og eit opparbeida uteområde i skogen. Det er kort veg til naturområde som vert nytta til utflukter, som fjelltur og fiske- og kanodagar.

 

 

Om stillinga

Osterøy kommune har ledig 100% stilling som rektor på Fotlandsvåg skule frå 01.08.2025. 

Er du varm, tydeleg og strukturert skuleleiar vil vi gjerne ha deg med på laget! 

Fotlandsvåg skule er ein fådelt skule med 48 elevar skuleåret 2024-2025 emd 10 tilsette inkludert leiing som består av rektor og avdelingsleiar. 

Skulen ligg vakkert til i Fotlandsvågbygda og har eit flott idrettsanlegg i umiddelbar nærleik til skulen. Det er gode moglegheitar for flotte turopplevingar i nærområde. 

Osterøyskulen har felles kvalitetsutviklingsplan med satsingsområda, Trygt og godt læringsmiljø, elevmedverknad og lesing. Vår felles visjon er: «Lærelyst og meistring for framtida».

 

Arbeidsoppgåver 

  • Leie verksemda og sikre utvikling og vekst i eigen organisasjon
  • Syte for eit godt og inkluderande læringsmiljø
  • Leie utviklingsarbeidet ved skulen i tett samarbeid med avdelingsleiar
  • Fremme ein god arbeidskultur, eit godt læringsmiljø og bidra til eit lærande profesjonsfellesskap
  • Bidra aktivt til god måloppnåing i høve til mål og føringar
  • Økonomiansvar for eininga
  • Samarbeid med føresette og faginstansar

 

Vi tilbyr 

  • Inkluderande og positive kollegaer
  • Spanande og utfordrande oppgåver
  • Du får vere med å utvikle Osterøyskulen i fellesskap med skuleleiinga i heile kommunen
  • Rom for fagleg og personleg utvikling
  • Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk, samt lokal lønspolitikk
 

Kvalifikasjonskrav 

  • Krav om godkjent pedagogisk utdanning, jf. Kap. 14 i Forskrift til opplæringslova
  • Tilleggsutdanning innan leiing og/eller organisasjonsutvikling er ønskjeleg. Har du ikkje dette ønskjer vi at du er villig til å tileigne deg kompetansen etter avtale med arbeidsgjevar
  • Relevant leiarerfaring, fortrinnsvis skuleleiing. Grunnleggande realkompetanse om offentleg forvaltning og økonomistyring
  • God relasjonskompetanse
  • Kunne drive endringsarbeid og utvikling på ein involverande måte, i tråd med skulen og kommunen sine målsettingar

 

Kven er du?

Du har eit:  

  • Elevsyn i tråd med overordna del i LK20.
  • Brenn for elevane si læring og har eit hjarte for elevane våre
  • Trivast med samarbeid som metode
  • Er strukturert, effektiv, fleksibel, løysingsorientert og tydeleg når det er trong for det
  • Toler å stå i utfordringar og har stor arbeidskapasitet
  • Forstår kva det vil seie å leie, vise tillit, gje ansvar og følgje opp
  • Har erfaring som tydeleg klasseleiar og undervisning og har evne til å rettleie andre
  • Du er synleg i organisasjonen
 

Lærarar er medlem av Statens pensjonskasse! 

I tillegg til livsvarig alderspensjon og AFP, kan du ha rett på økonomisk stønad om du skulle bli sjuk eller uføre. Du får og gode betingelsar på boliglån, og dine næraste kan dessutan ha rett til etterlattepensjon når du døyr.

Tryggleik for deg som lærar – får du redusert inntektsevna di på grunn av sjukdom eller skade, kan du ha rett til uførepensjon. 

Tryggleik for familien din – Din ektefelle, partnar eller barn kan ha rett til etterlattepensjon når du døyr. 

Gunstig boliglån – Boliglånsrenta til SPK ligg i gjennomsnitt under marknadsrenta! 

Livsvarig alderspensjon og AFP – Som medlem i SPK får du ei god alderspensjon når du pensjonera deg!

 

Spørsmål om stillinga

Renate Macpherson
Tenesteleiar for skule
[email protected]

 

 

Søk stillinga

 

 

Søknadsfrist: 1. mai 2025
Arbeidsgivar: Osterøy kommune
Kommune: Osterøy
Omfang: Heiltid
Varigheit: Fast
Arbeidsstad: Osterøyvegen 2689, 5283 Fotlandsvåg

Del stillingen

Selskap

Osterøy kommune

Kontaktinfo

Lokasjon

  • Valestrandsfossen

Søknadsfrist

Mai 1, 2025