Kvinnherad kommune Undarheim skule
Kvinnherad kommune Undarheim skule

Einingsleiar Undarheim skule

 

Spanande stilling som einingsleiar ved Undarheim skule (nye Husnes barneskule)

Kvinnherad kommune søkjer einingsleiar til Undarheim skule/nye Husnes barneskule.

Skulen har 200 elevar frå om lag 20 ulike nasjonar. Samla er det kring 40 dedikerte tilsette, inkludert tilsette i SFO og basseng. Undarheim skule er organisert med rektor, to avdelingsleiarar, SFO-koordinator og merkantil ressurs. I tillegg har skulen pedagogisk koordinator, e-pedagog og etablert ressursteam. Einingsleiar er ein del av Sektor oppvekst sitt tverrfaglege leiarteam.

I januar 2026 skal skulen over i nytt framtidsretta skulebygg, like ved Kvinnherad Arena. Som einingsleiar vil du ha ei sentral rolle i denne prosessen.

Arbeidsoppgåver

Ansvar for den daglege drifta av skulen, pedagogisk arbeid, utvikling- og kvalitetsarbeid, personal- og økonomiansvar. Legge til rette for medverknad, samarbeid og samhandling for eit godt tenestetilbod.

Vi ønsker ein leiar som har følgjande kvalifikasjonar

Relevant høgskule og/eller universitetsutdanning innan pedagogikk.
Leiarerfaring og/eller leiarutdanning.
Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.
Vi legg vekt på følgjande personlege eigenskapar
Engasjement for elevane sine resultat og trivsel.
Evne til å inspirere og drive ein lærande organisasjon.
Inkluderande menneskesyn, gode mellommenneskelege dugleikar og evne til å skape eit godt arbeidsmiljø.

Vi tilbyr

Utfordrande og spanande arbeidsoppgåver.
Vidareutdanning i leiing – rektorskulen.
Fellesskap i kommunen sitt leiarteam og fagleg nettverk.
Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.
Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar.
Bur du i Kvinnherad og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet.
Ingen eigedomsskatt pr idag for hus, hytter og næring.
Gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen.

Søknad vert å senda

Kvinnherad kommune oppfordrar til å søkja elektronisk (godkjende vitnemål og attester tar ein med på evt. intervju). Normalt vil søkjar sitt namn bli offentlegjort i postjournal og offentleg søkjarliste. Dersom du ønskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jf. Offentleglova § 25. Du vil då verte varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din. Innsendte vitnemål og attestar blir ikkje returnert. Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 6.10, opplæringslova § 10.9, lov om barnehagar § 19, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.

 

Søk på stillingen her.

Fylke: Vestland

Jobbtype: Fast

Heiltid/Deltid: Heiltid

Arbeidstid: Dag

Søknadsfrist: 27.04.2025

Arbeidsstad: Husnes

 

Kontaktpersonar:

Heidi Anita Særsten Solheim

mob: +47 48895633

 

Heimeside:
www.kvinnherad.kommune.no
Adresse: Røsslandsvegen 5 5460 Husnes

Kvinnherad kommune Undarheim skule

Kvinnherad kommune har 13.100 innbyggjarar og ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda.
Rosendal er administrativt senter, medan Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter.
Kvinnherad tilbyr gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen.
Naturen rundt byr på sjø, skog, fjell og bre. Kvinnherad Arena opna våren 2023, som er den største aktivitetshallen i kommunen. Idrettslag og kulturskule gir moglegheiter for både sports- og kulturinteresserte.
Handelsmoglegheiter finn du på Husnes storsenter og i Rosendal, og det er gode transporttilbod både til Bergen og Haugesund.
Kvinnherad kommune har per i dag ikkje eigedomsskatt for hus, hytter og næring.

 

Del stillingen

Selskap

Kvinnherad kommune

Kontaktinfo

  • Heidi Anita Særsten Solheim
  • Tittel:
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: mob: +47 48895633

Lokasjon

  • Husnes

Søknadsfrist

April 27, 2025