
Kyrkjeverje / dagleg leier i Sirdal
100% stilling som kyrkjeverje/dagleg leiar med tilsetting 1. aug. 2024, eller etter avtale
Vår kyrkjeverje vert pensjonist og vi søkjer hans etterfølgjer
Sirdal er ein kraftkommune i Vest-Agder med eitt sokn, fire kyrkjer og fire gravplassar og med vel 1850 innbyggjarar. Gode barnehage- og skuletilbod, kommunal kulturskule og vidaregåande skule med internat. Rike høve for sport, naturopplevingar og ulike kulturtilbod. På kommunesenteret Tonstad ligg Kyrkjesenteret med kontorfellesskap for sokneprest, kantor/organist, kyrkjelydsarbeidarar og kyrkjeverje/dagleg leiar, til saman 4,2 stilling. I tillegg kjem kyrkjetenarer og reinhalderar. Kyrkjelyden driv eit omfattande arbeid for ulike aldersgrupper med to kor, diverse trusopplæringstiltak for barn og unge, aktivt ungdomsarbeid samt ulike kulturtiltak. Det er eit godt og nært samarbeid mellom kyrkja og kommunen. Det er under planlegging nytt kyrkjesenter.
Kyrkjeverja er administrativ leiar for soknerådet, jf. Trussamfunnslova, og får arbeidsoppgåvene sine fastsett av soknerådet. Kyrkjeverja er og dagleg leiar for kyrkjelyden. Kyrkjeverja skal vere ein pådrivar for å vidareutvikle den lokale kyrkje.
- Søknadsfrist: 11.02.2024
- Arbeidsgiver: Sirdal sokneråd
- Sted: TONSTAD
- Stillingstittel: Kyrkjeverje / dagleg leier i Sirdal
- Stillinger: 1
- Heltid/Deltid: Heltid
- Ansettelsesform: Fast
- Stillingsprosent: 100
- Webcruiter-ID: 4755622542
Stillinga inneber
- Personalleiing
- Budsjett og økonomistyring
- Drift og vedlikehald av kyrkjer/kapell
- Administrativt arbeid knytt til gravplassar. Kommunen utfører alt det praktiske arbeidet ved bruk av kommunalt tilsette
- Samarbeid med kommunale einingar og leiinga i kommunen. Kommunen utfører tenester på regnskapsføring og lønnskøyring.
- Informasjonsarbeid
- Arbeid ifm. kyrkjelydsblad
- Sakshandsamar og sekretærfunksjon for soknerådet, samt iverksetting av vedtak
- Vera med å driva prosessen fram i mot nytt kyrkjesenter
Ønska kvalifikasjonar:
- Relevant utdanning frå universitet / høgskule
- Allmenn god datakunnskap. IT verktøyet er public 360. IT plattform hos Kirkepartner
- Erfaring frå personalleiing, strategi, budsjett og økonomi
- God kjennskap til Den norske kyrkje si verksemd og organisasjon
- Innsikt i offentleg politikk og forvaltning
- Erfaring frå frivillig arbeid i lokal kyrkjelyd, idretts- og annet organisasjonsliv, er ein fordel
Me søkjer ein fleksibel og engasjert medarbeidar som kan vere med å utvikle den kyrkjelege verksemda i Sirdal.
Personleg eignaheit vil verta vektlagt.
Den som vert tilsett må vera medlem av Den norske kyrkje.
Søkjarar må snakke og skrive godt norsk. Det er ikkje krav til målform.
Søkjarar må disponere eigen bil i jobbsamanheng.
Kva kan vi tilby
Dette er ei spennande, mangfaldig , meiningsfull, interessant og sjølvstendig stilling. Det er eit raust arbeidsmiljø prega av tilsette som i stor grad arbeider sjølvstendig, men og mykje i team.
Lønn etter avtale. Øvrige arbeidsvilkår etter gjeldande lov og tariffavtale. Offentleg tenestepensjon gjennom KLP.
Eit samarbeid i ein overgangsfase kan avtales nærmare.
Søknadsfrist: 11.02.24
Nærare opplysningar ved kyrkjeverje Yngve Bjørn Søyland, tlf. 41282700 eller leiar av Sirdal sokneråd Sissel Agathe Bø tlf. 90559490.
Søknad med CV og bekreftande vitnemål og attester sendes: Søknad via Webcruiter.
Tonstadveien 25, 4440 TONSTAD, Norge
Kontaktinformasjon
Yngve Bjørn Søyland
Kyrkjeverje
Telefon:41282700
Sissel Agathe Bø
Leiar av Sirdal sokneråd
Telefon:90559490