Ullensvang kommune Opedal skule

 

60% vikariat som lærar ved Vikebygd skule

 

Ledig årsvikariat som lærar – stillingsstorleik 60 %

Arbeidsstad: Vikebygd skule

Arbeidsoppgåver: Undervisning på trinn 1-7. Mogleg kontaktlæraransvar. Inspeksjon i friminutt. Dokumentasjonsarbeid, samarbeid med heim og støttetenester.

Ynskte kvalifikasjonar:

  • Godkjent lærarutdanning
  • God digital dugleik.

Fagynskje:

Norsk, matematikk, kroppsøving, kunst og handtverk og musikk.

Personlege eigenskapar:

  • Gode samarbeidsevner
  • Inkluderande, venleg og tydeleg klasseleiar.

Me tilbyr:

  • Varierte arbeidsoppgåver
  • Spennande arbeid
  • Lønn etter hovudtariffavtalen
  • Gode moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen
  • Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA), fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår.

Krav:

  • Politiattest jfr gjeldande lov
  • Krav til førarkort

Til orientering om Offentleglova:

Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
“Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:

Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: signering.posten.no/

 

Søk på stillinga her.

Fylke: Vestland

Jobbtype: Vikariat

Heiltid/Deltid: Deltid

Arbeidstid: Dag

Søknadsfrist: 21.07.2024

Arbeidsstad: Nå

 

Kontaktpersonar:

Hilde Hesjedal

mob: 994 96 980

 

Heimeside:

ullensvang.kommune.no

Ullensvang kommune 

– ein ny, livskraftig og attraktiv kommune i Hardanger.

Ullensvang kommune er ein attraktiv stad å bu, arbeida og starta næringsverksemd! Vi kan tilby spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i ein kommune som er i utvikling. Her finn du fjord, fjell, fonn, frukt, landbruk, havbruk og verdsleiande industri i ein og same kommune. Kommunen har omlag 11 100 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter i kommunen omkransa av sterke bygder.

Oppdraget vårt er å levera gode tenestar, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og ynskjer å ha fleire med på laget.
Tar du utfordringa ?

 

Del stillingen

Selskap

Ullensvang kommune

Kontaktinfo

  • Hilde Hesjedal
  • Tittel:
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: mob: 994 96 980

Lokasjon

Søknadsfrist

Juli 21, 2024