Ullensvang kommune Ullensvang kommune

Ullensvang kommune Kinsarvik skule

4 stillingar à 100% som lærar ved Kinsarvik skule

 

Kinsarvik skule har ledig 4 faste lærarstillingar frå 1. august 2024.

Kinsarvik skule er ein 1.-10. skule i Ullensvang kommune. Skulen har rundt 167 elevar, og 40 tilsette i alle aldrar. Me ligg fint til i sentrum av bygda Kinsarvik med gode uteområde rundt skulen.

Utviklingsområde vårt er implementering av fagfornyinga og klasseleiing. I tillegg arbeider skulen for at alle elevane skal ha eit godt læringsmiljø.

Me treng lærar på både barneskulen og ungdomsskulen, med blant anna fag som basisfag, musikk, arbeidslivsfag og kroppsøving. Kan og bli tildelt funksjonen som kontaktlærar.

Det er og ledig stilling som lærarvikar resten av skuleåret 2023/24. Tilsetting snarast.

Kvalifikasjonar

● godkjent undervisningskompetanse

Personlege eigenskapar

● er ein god klasseleiar

● har god relasjonskompetanse

● har god formidlingsevne

● samarbeidar godt i lærande fellesskap

● er lojal og ansvarsfull mot skulen sitt formål

● er løysingsorientert og fleksibel

Me tilbyr

● eit godt arbeidsmiljø

● eit godt pedagogisk utviklingsmiljø

● lønn etter avtaleverk

● hjelp til å finna bustad

Spørsmål om stillinga:

Avdelingsleiar Eli Johanne Hope tlf: 99 29 29 98

Avdelingsleiar Therese Opheim tlf: 95 75 84 80

 

Søk å stillingane her.

 

Fylke: Vestland

Jobbtype: Fast

Heiltid/Deltid: Heiltid

Arbeidstid: Dag

Søknadsfrist: 03.03.2024

Arbeidsstad: Kinsarvik

Kontaktpersonar:

Dagny Opedal

mob: +47 416 21 981

Heimeside:

ullensvang.kommune.no

Adresse:

Opheimsgata 31 5750 Odda

Ullensvang kommune Ullensvang kommune

– ein ny, livskraftig og attraktiv kommune i Hardanger.

Ullensvang kommune er ein attraktiv stad å bu, arbeida og starta næringsverksemd! Vi kan tilby spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i ein kommune som er i utvikling. Her finn du fjord, fjell, fonn, frukt, landbruk, havbruk og verdsleiande industri i ein og same kommune. Kommunen har omlag 11 100 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter i kommunen omkransa av sterke bygder.

Oppdraget vårt er å levera gode tenestar, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og ynskjer å ha fleire med på laget.
Tar du utfordringa ?

 

Del stillingen

Selskap

Ullensvang kommune

Kontaktinfo

  • Dagny Opedal
  • Tittel:
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: mob: +47 416 21 981

Lokasjon

  • Kinsarvik

Søknadsfrist

Mars 3, 2024