Lærar naturbruk og utmark 100%
Gjermundnes vgs, Møre og Romsdal fylkeskommune
100% fast stilling som lærar i grønt naturbruk. Det er ønskjeleg med kompetanse innan gardsdrift, forvaltning og bruk av naturressursar i landbruket.
Nøkkelinformasjon
Søknadsfrist: 14.01.2024
Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune
Stad: Vikebukt
Stillingstittel: Lærar naturbruk 100%
Stillingar: 1
Heiltid / Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 4743540707
Startdato: 01.02.2024
Arbeidsoppgåver
- undervisning i programfag grønt naturbruk, både i den praktiske og teoretiske delen av faga
- vurderingsarbeid
- undervisning i tilgrensande fag ved skulen kan bli aktuelt
- kontaktlærarfunksjon kan bli aktuelt
- samarbeid med andre faginstansar ved behov
Kvalifikasjonar
- relevant fagleg og pedagogisk utdanning som fyller kompetansekravet for tilsetting som lærar i vidaregåande skule
- god norskkompetanse, både skriftleg og munnleg
- god digital kompetanse
- sertifikat klasse B
Personlege eigenskapar
- trivast i lag med ungdom og har god evne til relasjonsbygging
- er ein trygg og tydeleg vaksen, både i og utanfor klasserommet
- gode samarbeidsevner
Vi tilbyr
- ei utfordrande stilling i eit godt arbeidsmiljø
- ein allsidig arbeidsplass med dyktige medarbeidarar med brei kompetanse
- offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
- løn etter tariff
Anna
Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søkje ledig stilling hos oss.
Den som vil bli tilsett må levere politiattest
Adresse:Gjermundnesvegen 200, 6392 Vikebukt, Norge
Kontaktinformasjon
Hilde Legernes, Avdelingsleiar naturbruk
Telefon: 968 30 974
E-post: hilde.legernes@mrfylke.no
Tone Syltebø, Ass. Rektor
Telefon: 992 25 430
E-post: tone.syltebo@mrfylke.no
Om arbeidsgivaren
Bli med å utvikle regionen saman med oss!
Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.
Om skolen (gjermundnes.vgs.no)
Gjermundnes vidaregåande skole har dei siste åra hatt om lag 130 elevar kvart år. Skulen tilbyr internatplass til elevar utanom nærområdet.
Vi tilbyr opplæring innan naturbruk, mekaniske fag og allmennfagleg påbygging.
Gjermundnes vidaregåande skule kombinerer tradisjon og nytenking. Skulen ligg i eit naturskjønt område ved Romsdalsfjorden, i Vestnes kommune, med gode kommunikasjonstilhøve i alle retningar.