KYRKJELYDSPEDAGOG / KYRKJELYDSARBEIDAR – 60%

Vi søkjer etter ein kyrkjelydspedagog/kyrkjelydsarbeidar som kan vere med på å drive og vidareutvikle trusopplæringsarbeidet i Volda fellesrådsområde. Stillinga inngår i trusopplæringsteamet saman med kateketen. Kateketen er leiar av undervisningsarbeidet og trusopplæringsteamet.

Nøkkelinformasjon

Søknadsfrist: 23.02.2024
Arbeidsgivar: Volda kyrkjelege fellesråd
Stad: VOLDA
Stillingstittel: Kateket/Kyrkjelydspedagog
Stillingar: 1
Heiltid / Deltid: Deltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 60
Webcruiter-ID: 4757282931

Arbeidsoppgåver

Planlegge og gjennomføre trusopplæringsarbeidet i samarbeid med tilsette og frivillige
Ta del i konfirmantarbeidet
Drive rekruttering og oppfølging av frivillige medarbeidarar og leiarar
Ta del i samarbeidet kyrkje – skule/barnehage
Ta del i møta i trusopplæringsutvalet
Vi søkjer primært etter kyrkjelydspedagog, men vil også vurdere søkjarar med anna relevant utdanning og praksis.

Kvalifikasjonar

Relevant høgare utdanning med vekt på kristendom/teologi og pedagogikk
Erfaring frå og interesse for arbeid med barn og ungdom
Evne til å skape gode relasjonar
Erfaring frå frivillig kyrkjeleg arbeid
Leiarerfaring
Evne til samarbeid og teamtenking
Evne til å arbeide sjølvstendig og målretta
Evne til å koordinere mange og ulike oppgåver på same tid
God skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne
Grunnleggande datakunnskap
Krav om medlemskap i Den norske kyrkja.

Vi tilbyr

Godt arbeidsmiljø og stabsfellesskap
Moderne kontorarbeidsplass på Volda kyrkjekontor
Løn etter avtaleverket på kyrkjeleg sektor
Pensjonsordning i KLP
For å kunne utføre arbeidsoppgåvene i heile tenesteområdet må søkjaren disponere bil. Ein må rekne med noko arbeid på kveldstid og i helger. Tilsetjinga skjer i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale for kyrkjeleg sektor. Politiattest skal ligge føre før tilsetting. Vi nyttar intervju som ein del av vurderinga av søkjarane.

 

Søk på stillinga her.

 

For nærare opplysningar ta kontakt med:

Kyrkjeverje Jostein Stråbø på tlf. 91663549
eller via epost: [email protected]

Katetet(kyrkjelydspedagog) Martine Hjertvik Urke på tlf. 90897340
Eller via epost: [email protected]

Tidlegare trusopplæringsmedarbeidar Wendi Sund Stråbø på tlf. 95764607
eller via epost: [email protected]
Sjå òg heimesida vår www.volda.kyrkja.no

Vi ber om at søknad med CV, vitnemål/attester og referansar vert sendt elektronisk via www.kirkejobb.no innan den 23.02.2024

 

Adresse:Rådhusgata 6a, 6100 VOLDA, Norge

Kontaktinformasjon

Jostein Stråbø, Kyrkjeverje
Telefon:+47 916 63 549

Martine Hjertvik Urke, Katetet (kyrkjelydspedagog)
Telefon:+47 908 97 340

 

Om arbeidsgivaren

Volda kommune ligg i søre delen av Sunnmøre. Naturen er vakker, skiftande med fjordar, dalar og fjell, som gjev rikeleg høve til friluftsliv og rekreasjon heile året. Folketalet var 10960 ved årsskiftet og 8130 eller 74% av desse er medlem av Den norske kyrkja.

Volda er kjend som skulestad. Her er vidaregåande skule med mange ulike liner, både allmenn- og yrkesretta, og høgskule med til 4500 studentar. Høgskulen og Fylkessjukehuset er store arbeidsplassar i kommunen. Arbeidsplassane er elles knytte til jordbruk, industri, service og handel.

Volda har gode kommunikasjonar i alle retningar både med buss og fly.

Kommunen har seks sokn, Volda (5752), Hornindal (992),Dalsfjord (583), Kilsfjord (440), Austefjord (265) og Storfjorden (98), med kvar si kyrkje. Vi har tre sokneprestar, kyrkjeverje, kateket, to trusopplæringsmedarbeidarar (60% + 10%) og to sekretærar (100 % + 60%) med heile kommunen som tenesteområdet. Volda sokn har kantor og kyrkjetenar i heile stillingar og ein ungdomsarbeidar/diakoniarbeidar i 60%. Dei andre sokna har kyrkjetenar- og organiststillingar tilpassa talet på gudstenester og kyrkjelege handlingar.

 

Del stillingen

Selskap

Volda kyrkjelege fellesråd

Kontaktinfo

  • Jostein Strabø
  • Tittel: Kyrkjeverje
  • E-Post: [email protected]
  • Mobil/Tlf: Telefon: 916 63 549

Lokasjon

  • Volda

Søknadsfrist

Februar 23, 2024