Ullensvang kommune Hardanger barnevern

100% stilling som sakshandsamar ved Hardanger barnevern

 

 

HARDANGER BARNEVERN

Hardanger barnevern er ein interkommunal teneste som omfattar kommunane Eidfjord, Ullensvang og Ulvik. Ullensvang er vertskommune, med lokaler i Odda.

 

Barneverntenesta har 15 tilsette.

Tenesta er delt opp i flere team

Team tiltak og akuttberedskap, team melding/undersøkelse og familieterapeutar.

Barneverntenesta skal bidra til at barn og unge får tryggja oppvekstvilkår, ved å sikra at barn og unge som lever under forhold som kan skada deira helse og utvikling, får naudsynt hjelp og omsorg til rett tid.

Har du lyst å jobba med barn, unge og deiras familiar? Blir du motivert av å jobba strukturert og målretta og vil bidra til å gjera forskjell for barn, unge og familiar som strevar? Dersom du er ein person som brenn for å jobba med barn, unge og deiras familiar, ser moglegheiter, er positiv og god på relasjonar, så er dette stillinga akkurat for deg.

 

Ledig fast stilling som sakshandsamar – stillingsstorleik 100%

 

Tiltredelse så snart som mulig.

 

Arbeidsoppgåver:

  • Saksbehandling og fagleg oppfølging av barnevernssaker etter Lov om barneverntenester
  • Samtaler med barn
  • Samarbeid og kontakt med barna sine foreldre, fosterforeldre og andre viktige samarbeidspartnarar
  • Forvaltningsoppgaver og skriftleg dokumentasjon i samsvar med barnevernlova og forvaltningslova
  • Representere kommunane i saker for Barneverns- og Helsenemnda eller andre rettsinnstansar
  • Delta i barnevernstenesta sitt utviklingsarbeid
  • Delta i tverrfagleg samarbeid
  • Aktivt bidra til eit trygt og godt arbeidsmiljø
  • Du må rekna med noko reiseverksemd

 

Ynskte kvalifikasjonar:

  • Du må ha universitet/høgskuleutdanning som barnevernspedagog/sosionom. Anna 3 årig sosialfagleg utdanning kan vurderast då gjerne saman med erfaring frå kommunalt barnevern.
  • Det er ønskjeleg at du har erfaring frå arbeid med barn og unge
  • Det er ein fordel om du har erfaring frå nemndsaker
  • Det er ønskjeleg at du har relevant vidareutdanning eller relevant master.
  • Fordel med kjennskap til Visma flyt barnevern, eventuelt andre tilsvarende system.
  • Du må ha god skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Digital kunnskap
  • Du må ha førarkort
  • Du bør ha eigen bil.

 

Personlege eigenskapar:

  • Du må kunna etablera god kontakt med barn og familiar i ein vanskeleg situasjon
  • Du er audmjuk, tydeleg og verdset samarbeid
  • Du kan jobba sjølvstendig og i team
  • Du jobbar målretta og systematisk
  • Har evne til å skapa god framdrift
  • Du har evne til fagleg og etisk refleksjon
  • Du er fleksibel, selvstedig og ansvarsmedvite
  • Du er lærevillig, taklar ein variert og tidvis uføreseieleg kvardag og høgt arbeidstempo

 

Me tilbyr:

  • Lønn etter hovedtariffavtalen
  • Ein arbeidsplass med interessante arbeidsoppgåver
  • Eit godt sosialt og fagleg arbeidsmiljø med spennande utfordringar.
  • Fokus på kvalitet og fagleg utvikling
  • Gode moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen
  • Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA), fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår.

 

Annet:

  • Ved tilsetjing vil det bli lagt vesentleg vekt på personlege eigenskapar. Aktuelle søkjarar blir innkalla til intervju.
  • Utvida politiattest av nyare dato må leggjast fram før tiltreding.

 

Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å ta kontakt med barnevernleiar nestleiar Terje Solvi mob 975 58 511

 

Til orientering om Offentleglova:

Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
“Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:

Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/ 

 

 

Søk her

 

 

Fylke: Vestland
Jobbtype: Fast
Heiltid/Deltid: Heiltid
Arbeidstid: Dag
Søknadsfrist: 15.12.2024
Arbeidsstad: Odda

 

Kontaktpersonar:

Elin Fossåen
mob: +47 97558510

 

Heimeside:

ullensvang.kommune.no

 

Adresse:

Opheimsgata 31 5750 Odda

 

Ullensvang kommune Hardanger barnevern

– ein ny, livskraftig og attraktiv kommune i Hardanger.

Ullensvang kommune er ein attraktiv stad å bu, arbeida og starta næringsverksemd! Vi kan tilby spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i ein kommune som er i utvikling. Her finn du fjord, fjell, fonn, frukt, landbruk, havbruk og verdsleiande industri i ein og same kommune. Kommunen har omlag 11 100 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter i kommunen omkransa av sterke bygder.

Oppdraget vårt er å levera gode tenestar, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og ynskjer å ha fleire med på laget.

Vi ønsker medarbeidarar med ulik bakgrunn, fagkombinasjonar, kompetanse, livserfaring og perspektiv. Det gir oss eit mangfaldig arbeidsmiljø som set oss betre i stand til å løysa oppgåvene. I Ullensvang kommune er vi opptekne av mangfald og inkludering, det er viktig for oss å ha ein arbeidsstyrke som representerer befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja, uavhengig av alder, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsevne, livssyn eller etnisk bakgrunn. Vi legg til rette arbeidsplassen ved behov.

Tar du utfordringa ?

Lenkjetekst: Tilgjengelegheitserklæring for nettsidsa

Lenkje: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/bac52677-0999-4760-90dd-d3d03abdaf49 

Del stillingen

Selskap

Ullensvang kommune

Kontaktinfo

  • Elin Fossåen
  • Tittel:
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: +47 97558510

Lokasjon

  • Odda

Søknadsfrist

Desember 15, 2024