100% stilling som miljørettleiar ved Jondal skule og SFO
Ledig 100% fast stilling som miljørettleiar ved Jondal skule og SFO, fom 01.08.24
Jondal skule er ein 1.-10. skule i Ullensvang kommune. Skulen har 138 elevar, og ca 30 tilsette i alle aldrar. Me ligg fint til i sentrum av bygda Jondal, i nær tilknyting til både barnehage og kulturskule. Skulen er nyleg rehabilitert, og har fått fleire nybygg.
Me jobbar for tida med utviklingsarbeid saman med UH-sektoren og Hardanger-Voss kompetanseregion. Dette arbeidet går over to år, og tema er djupnelæring.
Me søkjer etter miljørettleiar for småsteget og SFO. Arbeidet er knytt til tett oppfølging av enkeltbarn, i samarbeid med skule og heim.
Kvalifikasjonar:
- godkjent utdanning som vernepleiar, eller annan relevant høgskuleutdanning for arbeid i skule og SFO.
- relevant erfaring frå skule, SFO, eventuelt barnehage.
- erfaring med, og interesse for arbeid med enkeltbarn som treng tett oppfølging.
- har eller kan ta livredningsprøve for basseng.
- personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Personlege eigenskapar:
- har god relasjonskompetanse.
- har god formidlingsevne .
- samarbeidar godt i lærande fellesskap.
- er lojal og ansvarsfull mot skulen sitt formål.
- er løysingsorientert og fleksibel.
Me tilbyr:
- eit godt arbeidsmiljø.
- eit godt pedagogisk utviklingsmiljø.
- lønn etter avtaleverk.
- hjelp til å finna bustad.
- varierte arbeidsoppgåver.
- spennande arbeid.
- lønn etter hovudtariffavtalen.
- gode moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen.
- Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA), fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår.
Krav:
- politiattest
Fylke: Vestland
Jobbtype: Fast
Heiltid/Deltid: Heiltid
Arbeidstid: Dag
Søknadsfrist: 19.05.2024
Arbeidsstad: Jondal
Kontaktpersonar:
Sarah Marie Røstbø
mob: +47 95122615
Heimeside:
Adresse:
Opheimsgata 31 5750 Odda
Ullensvang kommune Jondal skule
– ein ny, livskraftig og attraktiv kommune i Hardanger.
Ullensvang kommune er ein attraktiv stad å bu, arbeida og starta næringsverksemd! Vi kan tilby spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i ein kommune som er i utvikling. Her finn du fjord, fjell, fonn, frukt, landbruk, havbruk og verdsleiande industri i ein og same kommune. Kommunen har omlag 11 100 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter i kommunen omkransa av sterke bygder.
Oppdraget vårt er å levera gode tenestar, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og ynskjer å ha fleire med på laget.
Tar du utfordringa ?
Lenkjetekst
Tilgjengelegheitserklæring for nettsidsa
Lenkje
https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/bac52677-0999-4760-90dd-d3d03abdaf49