100% stilling som lærar ved Vikebygd skule
Ledig fast stilling som lærar – stillingsstorleik 100 %
Vikebygd skule er ein barneskule på Nå i Ullensvang kommune, vi treng ein lærar i 100% stilling.
Arbeidsoppgåver:
- Undervisning i ulike fag, i hovudsak på 3.-7. trinn.
- Inspeksjon i friminutt.
- Kontaktlærar, samarbeid med heim og andre instansar skulen samarbeider med.
- Dokumentasjon og vurderingsarbeid.
Ynskte kvalifikasjonar:
- Godkjent pedagogisk utdanning.
- Gode digitale ferdigheiter.
- God kompetanse i norsk, matematikk og engelsk.
Personlege eigenskapar:
- Venleg, trygg, tydeleg og inkluderande klasseleiar.
- Gode samarbeidsevner
Me tilbyr:
- Varierte arbeidsoppgåver
- Spennande arbeid
- Lønn etter hovudtariffavtalen
- Gode moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen
- Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA), fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår.
Krav:
- Politiattest
- Fylke: Vestland
- Jobbtype: Fast
- Heiltid/Deltid: Heiltid
- Arbeidstid: Dag
- Søknadsfrist: 13.09.2023
- Arbeidsstad: Nå
Kontaktpersonar:
Hilde Hesjedal
mob: 994 96 980
Heimeside:
Adresse:
Opheimsgata 31 5750 Odda
Ullensvang kommune Vikebygd skule
– ein ny, livskraftig og attraktiv kommune i Hardanger.
Ullensvang kommune er ein attraktiv stad å bu, arbeida og starta næringsverksemd! Vi kan tilby spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i ein kommune som er i utvikling. Her finn du fjord, fjell, fonn, frukt, landbruk, havbruk og verdsleiande industri i ein og same kommune. Kommunen har omlag 11 100 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter i kommunen omkransa av sterke bygder.
Oppdraget vårt er å levera gode tenestar, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og ynskjer å ha fleire med på laget.
Tar du utfordringa ?
Lenkjetekst
Tilgjengelegheitserklæring for nettsidsa
Lenkje
https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/bac52677-0999-4760-90dd-d3d03abdaf49