100% stilling som avdelingsleiar ved Jondal skule
Ledig fast stilling som avdelingsleiar – stillingsstorleik 100 %
Frå 1. september 2024
Info om skulen:
Jondal skule er ein 1.-10. skule i Ullensvang kommune. Skulen ligg fint til i sentrum av bygda Jondal, i nær tilknyting til både barnehage og kulturskule, fjell og fjord. Skulen er nyleg rehabilitert, og har fått mange nybygg. Skulen har 130+ elevar, og eigen SFO-avdeling med rundt 30 elevar. Me har rundt 30 engasjerte og fagleg dyktige tilsette, som er opptekne av å skapa eit godt læringsmiljø for alle elevane.
Arbeidsoppgåver:
Me søker ein avdelingsleiar som er oppteken av skuleutvikling og ynskjer å leia gjennom å lytta, støtta og utfordra. Du vert ein del av leiarteamet vårt som er sett saman av rektor og to avdelingsleiarar. Avdelingsleiaren me lyser etter vil få oppgåver knytt til dagleg drift både på skule og SFO, pedagogisk utviklingsarbeid, og medansvar for å leia personal og oppfølging av elevsaker. Du vil få ansvar for vikararbeid i samarbeid med den andre avdelingsleiaren. Stillinga inneber 50% leiing og 50% undervisning.
Kvalifikasjonar:
- Godkjent lærarutdanning og undervisningserfaring
- God kjennskap til, og forståing for digitale system
- Har gjerne leiarerfaring frå før
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
- Du må ha ynskje om å ta vidareutdanning i leiing om du ikkje har det
Personlege eigenskapar:
- Har god pedagogisk forståing og er oppteken av skuleutvikling
- Er strukturert, held oversikt og ser gode og effektive løysingar
- Likar å leia andre
- Er god på samarbeid, relasjonsbygging og kommuniserer godt med skulen sine tilsette, elevar og føresette
- Har god formidlings- og gjennomføringsevne
- Er oppteken av elevane si læring, mestring og utvikling
- Er sjølvstendig, fleksibel og omstillingsdyktig
- Kan handtera periodar med stort arbeidspress
- Trygg, med godt humør og pågangsmot
Me tilbyr:
- Eit godt arbeidsmiljø
- Varierte arbeidsoppgåver
- Godt pedagogisk utviklingsmiljø
- Lønn etter hovudtariffavtalen
- Gode moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen
- Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA), fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår.
- Hjelp til å finna bustad
Krav:
- Politiattest
Til orientering om Offentleglova:
Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
«Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/
Fylke: Vestland
Jobbtype: Fast
Heiltid/Deltid: Heiltid
Arbeidstid: Dag
Søknadsfrist: 15.09.2024
Arbeidsstad: Jondal
Kontaktpersonar:
Sarah Marie Røstbø
mob: +47 95122615
Heimeside:
Adresse:
Opheimsgata 31 5750 Odda
Ullensvang kommune Jondal skule
– ein ny, livskraftig og attraktiv kommune i Hardanger.
Ullensvang kommune er ein attraktiv stad å bu, arbeida og starta næringsverksemd! Vi kan tilby spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i ein kommune som er i utvikling. Her finn du fjord, fjell, fonn, frukt, landbruk, havbruk og verdsleiande industri i ein og same kommune. Kommunen har omlag 11 100 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter i kommunen omkransa av sterke bygder.
Oppdraget vårt er å levera gode tenestar, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og ynskjer å ha fleire med på laget.
Vi ønsker medarbeidarar med ulik bakgrunn, fagkombinasjonar, kompetanse, livserfaring og perspektiv. Det gir oss eit mangfaldig arbeidsmiljø som set oss betre i stand til å løysa oppgåvene. I Ullensvang kommune er vi opptekne av mangfald og inkludering, det er viktig for oss å ha ein arbeidsstyrke som representerer befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja, uavhengig av alder, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsevne, livssyn eller etnisk bakgrunn. Vi legg til rette arbeidsplassen ved behov.
Tar du utfordringa ?
Lenkjetekst: Tilgjengelegheitserklæring for nettsidsa
Lenkje: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/bac52677-0999-4760-90dd-d3d03abdaf49