Kantor/ Kyrkjemusikar

 

 

Surnadal kyrkjelege fellesråd har 100% ledig stilling som
kantor/ kyrkjemusikar i Surnadal på Nordmøre

 

I Surnadal finn du:

  • eit triveleg arbeidsmiljø, med gode kollegaer
  • eit rikt musikk- og kulturliv som gjerne samarbeider
  • gode instrument
  • 6 kyrkjer og eit kyrkjelydshus midt i Surnadal sentrum

Søkjar må rekne med teneste i alle kyrkjene i Surnadal.
Oppmøtestad og kontor på kyrkjelydshuset på Skei.

Organistoppgåvane i Surnadal er fordelte på to stillingar, og ein må rekne med samarbeide om kyrkjemusikalske prosjekt.
Det vil også vere ein del intern vikariering td. under ferieavvikling m.m.
Mykje av kvardagsaktiviteten slik som møte m.m. går føre seg på kyrkjelydshuset.

Vil du vite meir om kyrkja i Surnadal?
Sjå www.surnadal.kyrkja.no eller Facebook: https://www.facebook.com/kirkenisurnadal
Digital årsmelding 2022 som visar nokre av våre aktivitetar: https://sway.office.com/LhGSnn5rrcOmJp5r?ref=email 

 

  • Søknadsfrist: 31.12.2023
  • Arbeidsgiver: Surnadal kyrkjelege fellesråd
  • Sted: SURNADAL
  • Stillingstittel: Kantor/ Kyrkjemusikar
  • Stillinger: 1
  • Heltid/Deltid: Heltid
  • Ansettelsesform: Fast
  • Stillingsprosent: 100
  • Webcruiter-ID: 4735051224

 

Kvalifikasjoner

  • Kyrkjemusikalsk kompetanse jfr. tenesteordning for kantorar
  • eller anna relevant utdanning.
  • Personleg eignaheit og evne til samarbeid vil bli lagt vekt på.
  • Førarkort og disponere bil.

 

Vi tilbyr

  • Lønn og arbeidsvilkår i tråd med avtaleverk.
  • Pensjonsordning i KLP.
  • Rom for eigne idear og initiativ.

Kyrkjene våre er fine musikklokale, med Stangvik som ei særleg god konsertkyrkje.

Den som blir tilsett må vera medlem av Den Norske Kyrkja.

 

Søknadsfrist: 31. desember 2023.

 

Søknad med cv blir å sende til: [email protected]
eller Surnadal kyrkjelege fellesråd, Postboks 19, 6656 Surnadal.

Har du spørsmål om stillinga?
Ring konstituert kyrkjeverje Lene Wilhelmsen på mobilnummer: +47 40492229.

 

Bårdshaugvegen 21, 6650 SURNADAL, Norge

 

 

Søk her

 

 

 

Kontaktinformasjon

Lene Wilhelmsen
 Telefon:+4740492229

Del stillingen

Selskap

Surnadal kirkelige fellsråd

Kontaktinfo

  • Lene Wilhelmsen
  • Tittel:
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: +4740492229

Lokasjon

  • Surnadal

Søknadsfrist

Desember 31, 2023