Helse – og omsorg i Ulvik har ledig fast 100% stilling som fysioterapeut med oppstart snarast.

 

 

Me søker etter ein medarbeidar som er nysgjerrig, motivert, positiv og pliktoppfyllande. Me har mange spanande arbeidsoppgåver i kommunen og ser etter ein fysioterapeut som likar varierte oppgåver, er fleksibel og likar å arbeide sjølvstendig, men også i team.

Kommunen har eige lokale for kurativ behandling i Ulvik sentrum. Fysioterapeuten vil inngå i eit tett samarbeid med helsestasjon, skulehelseteneste, rehabilitering, omsorgstun og arbeide i tverrfaglege team.

 

Sentrale arbeidsoppgåver

  • Setje seg inn i og følgje opp retningsliner og planar for fysioterapitenesta i heradet.
  • Følgje opp henviste pasientar i tråd med fysioterapitenesta si tenesteplan og prioriteringsnøkkel
  • Driva eit aktivt tilbod om fysioterapi for ulike pasientgrupper etter behov på institutt.
  • Oppfølging av pasientar innan helsestasjon og skulehelseteneste, kommunelege og i institusjon
  • Kartlegging, testing og funksjonsvurdering av pasientar
  • Rettleiing av pasientar individuelt og i gruppe
  • Fokus på tverrfagleg samarbeid og teamarbeid, samt koordinerande arbeid.
  • Utøve kunnskapsbasert fysioterapi.
  • Bidra i utviklinga av fysio- og ergoterapitenesta og til ein kvar tid vera fagleg oppdatert.
  • Det må påreknast behandling heime hjå brukar

 

Ynskja kvalifikasjonar

  • Offentleg godkjend fysioterapeut.
  • Du må ha god skriftleg og munnleg framstillingsevne.
  • Du må vera fleksibel, fagleg engasjert, løysningsorientert og ha gode kommunikasjonsevner.
  • Du må kunne arbeide strukturert og målretta
  • Personlege eigenskapar og evne til å gjennomføre arbeidsoppgåver vil verte særleg vektlagt.
  • Du må ha evne til å jobbe i team og ha erfaring med å jobbe tverrfagleg.
  • Det er ynskjeleg med kunnskap/kompetanse i lymfødem

 

Me kan tilby:

  • Eit godt arbeidsmiljø
  • Ei verksemd i utvikling
  • Utfordrande og spennande arbeidsoppgåver
  • Fleksibel arbeidstid

 

Søknadsfrist innan 18.06.2023

Ulvik herad er opptatt av å reflektere mangfaldet i befolkninga og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søke, uavhengig av alder, kjønn, nedsett funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn.

Har du ynskje om unntatt offentligheit må dette grunngjevast i søknaden, jf. offentleglova § 25, andre ledd. Du vert varsla dersom ønsket ikkje kan takast til følge. Politiattest jf. Helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4 må leggast fram ved tilsetting.

Tilsetjing vil skje på dei vilkår og med dei plikter som føl av gjeldande lovverk, reglement og tariffavtaler.

 

 

Send søknad elektronisk her.  Merk søknaden 23/316

 

 

Kontaktperson ved spørsmål om stillinga:

Torstein Kvåle Hellesnes

4007136

Torstein.hellesnes@ulvik.kommune.no

Del stillingen

Selskap

Ulvik herad

Kontaktinfo

  • Torstein Kvåle Hellesnes
  • Tittel:
  • E-Post: Torstein.hellesnes@ulvik.kommune.no
  • Mobil/Tlf: 4007136

Lokasjon

  • Ulvik

Søknadsfrist

Juni 18, 2023