100% fast lærarstilling ved Opedal skule
Opedal skule har ledig 100% fast lærastilling frå 1. august 2024
Opedal skule er ein 1.-7. skule i Ullensvang kommune. Skulen har 118 elevar og 21 tilsette.
Skulen ligg fint til i bygda Lofthus, i nær tilknyting til både fjell og fjord.
Skulen arbeider systematisk med verdiar. Verdiane er utarbeidd i eit samarbeid mellom tilsette, foreldre og elevane våre.
Verdiarbeidet viser att i all aktivitet ved skulen, både det psykososiale miljøet og læringsaktiviteten.
Det pedagogiske arbeidet til skulen er knytt til Læringssirkelen. Alle tilsette får opplæring i dette arbeidet.
Skulen har fokus på implementering av ny læreplan, og utviklingsområdet vårt det komande skuleåret er å sikra eit godt psykososialt miljø med vekt på livsmeistring.
Ledig stilling for skuleåret 2024-25:
– Undervisningsstilling 100% fast stilling frå 01.08.2024
Kvalifikasjonar:
– godkjent undervisningskompetanse
Personlege eigenskapar:
● er ein god klasseleiar
● har god relasjonskompetanse
● har god formidlingsevne
● samarbeider godt i lærande fellesskap
● er lojal og ansvarsfull mot skulen sine verdiar og formål
● er løysingsorientert og fleksibel
Me tilbyr:
● eit godt arbeidsmiljø
● eit godt pedagogisk utviklingsmiljø
● løn etter avtaleverk
● hjelp til å finna bustad
Krav:
Politiattest
- Fylke: Vestland
- Jobbtype: Fast
- Heiltid/Deltid: Heiltid
- Arbeidstid: Dag
- Søknadsfrist: 07.03.2024
- Arbeidsstad: Lofthus
Kontaktpersonar:
Helga Opedal
mob: +47 95237206
Heimeside:
Adresse:
Opheimsgata 31 5750 Odda
Ullensvang kommune Opedal skule
– ein ny, livskraftig og attraktiv kommune i Hardanger.
Ullensvang kommune er ein attraktiv stad å bu, arbeida og starta næringsverksemd! Vi kan tilby spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i ein kommune som er i utvikling. Her finn du fjord, fjell, fonn, frukt, landbruk, havbruk og verdsleiande industri i ein og same kommune. Kommunen har omlag 11 100 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter i kommunen omkransa av sterke bygder.
Oppdraget vårt er å levera gode tenestar, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og ynskjer å ha fleire med på laget.
Tar du utfordringa ?
Lenkjetekst: Tilgjengelegheitserklæring for nettsidsa
Lenkje: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/bac52677-0999-4760-90dd-d3d03abdaf49