Vindafjord kommune

Me søkjer deg som er utdanna lærar først og fremst, men du kan også søkja om du har anna relevant erfaring, eller anna utdanning.

100 % Fast lærarstilling på Imsland skule

 

Me søkjer:

Er DU den nye læraren som skal arbeide hos oss?

Me kan tilby lærar i 100% fast stilling frå 1.april 2024. Undervisninga er hovudsakleg på småtrinnet og litt på mellomtrinnet. Me søkjer deg som er utdanna lærar først og fremst, men du kan også søkja om du har anna relevant erfaring, eller anna utdanning. Er du ikkje lærarutdanna blir det vikariat, er du utdanna lærar er det ei fast stilling.

Imsland skule er ein 1-7 skule med rundt 25 elevar. Me har ein to-delt skule kor 1.-4. kl og 5.-7.klasse går saman. 1.-4. klasse har stort sett deling i basisfaga norsk, matte og engelsk. Eit trygt og godt skulemiljø kor alle kjenner seg inkludert er skulen sitt fokusområde. Me jobbar med å danne gode,trygge relasjonar elev-elev og lærar-elev gjennom leik, uteskule og varierte undervisningsformer. Ein av våre dyktige lærarar skal slutte, og me treng ein god erstattar . Me vil ha deg som har eit ekstra gir, er positiv og som er klar for kjekke og spanande oppgåver på Imsland skule!

Hovudarbeidsoppgåver:

Me treng lærar på småtrinnet i ulike fag som matematikk,norsk, engelsk, krle og naturfag på mellomtrinnet.

Kvalifikasjonar:

Grunnskulelærarutdanning eller anna godkjent pedagogisk utdanning som er relevant for arbeid i grunnskulen. Du må kunne jobba etter LK20, ha fokus på variasjon og praktisk undervisning.Då må vera god å samarbeida med andre og du må klare å sjå gode løysingar. Du må meistre det norske språket både munnleg og skriftleg. Du må vera ein god klasseleiar og ein varm og autoritativ vaksen.

Personlege eigenskapar:

Du må vera positiv i møte med både vaksne og barn, og me set høgt at du kan bidra positivt inn mot arbeidsmiljøet. Du er ikkje redd for å tenkja litt utanfor boksen og du er glad i barn.

Me kan tilby:

Variert arbeid i eit positivt miljø
Faglege utfordringar og utvikling som fagperson
God opplæring og samarbeid med andre
Rabatt på treningssenter
Bedriftskunstlag
Kommunalt kor, KORe’ Vindafjord (www.korevindafjord.no)
Gode forsikrings- og pensjonsordningar (frå løna vert det trekt 2 % innskot til pensjonsordning)

Lønsvilkår:

Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.

Andre opplysningar:

Ved arbeid i barnehage, skule, barnevern, helse og omsorg, skal det leggast fram godkjent politiattest. Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd eller opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månadar. Personell i helse og omsorg legga fram helseopplysningsskjema i høve til MRSA.

Slik søker du:

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.

 

Søk på stillingen her.

 

Fylke: Rogaland

Jobbtype: Fast

Heiltid/Deltid: Heiltid

Arbeidstid: Dag

Søknadsfrist: 29.01.2024

Tiltreding: 01.04.2024

Arbeidsstad: Imsland skule

 

Kontaktpersonar:

Hilde Bjelland Abelseth

tlf: 93249811

 

Heimeside:
/www.vindafjord.kommune.no
Adresse: Kyrkjevegen 7 5583 Vikedal

 

Vindafjord kommune

Vindafjord kommune er sentralt plassert på Indre Haugalandet og grensar mot Tysvær, Etne, Sveio, Suldal og Sauda. Vindafjord har ni bygder med ca. 8.850 innbyggjarar. Kommunesenteret Ølen ligg 5 mil frå Haugesund. Vindafjord er ein stor landbrukskommune, har eit særs sterkt og variert næringsliv og ambisjon om å vera sentrum for Indre Haugalandet. Kommunen ligg strategisk til og har ei lang kystlinje både mot Sunnhordlands- og Ryfylkebassenget. Saman med turstiar i skog og fjell, gjev dette gode høve til eit allsidig friluftsliv. Tenestetilbodet er godt utbygd både for born, unge og eldre.

 

Del stillingen

Selskap

Vindafjord kommune

Kontaktinfo

  • Hilde Bjelland Abelseth
  • Tittel:
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: tlf: 932 49 811

Lokasjon

  • Vikedal

Søknadsfrist

Januar 29, 2024