Vestnes kommune

 

Undervisningsstillingar – Helland barneskule

 

 

Stillingstype

Det er ledig 3 x 100 % faste undervisningsstillingar ved Helland barneskule frå 01.08.2025. Vi søkjer etter lærarar som kan undervise på 1.-7.stega. Vi søkjer og etter lærarar som kan ta på seg kontaktlærarfunksjon.

Vikariat:100 % vikariat undervisningsstilling for perioden 01.08.2025-31.12.2025 og 100 % vikariat undervisningsstilling for perioden 01.08.2025-09.03.2026.                                                                                                                                             

Om ein søkjer på fleire ledige undervisningsstillingar ved andre skular, så hugs å skrive dine ønskjer i prioritert rekkefølge.

Utover våren kan det bli ledige lærarstillingar ved skulen som følge av oppseiingar og/eller permisjonar. Desse stillingane vil bli tatt med i tilsettingsprosessen. Vi tek atterhald om endringar elles i organisasjonen.

 

Arbeidsoppgåver

– undervisning og rettleiing av elevar
– vurderingsarbeid vert lagt vekt på gjennom ulike former for elevvurdering
– motivere elevane til innsats for eiga læring
– tverrfagleg samarbeid med andre faginstansar
– samarbeid med elevar, føresette og kollegaer
– rettleie elevar fagleg og sosialt

Kvalifikasjonar

– Følgande fag er av særleg interesse: norsk 30 stp., matematikk 30 stp., engelsk 30 stp. og kroppsøving
– andre fagområde er også aktuelle
– beherske norsk munnleg og skriftleg. Kravet til språk er minimum bestått språkopplæring på nivå B2
– ha god kommunikasjonsevne
– digital kompetanse
– bidra til teamutvikling
– engasjert og fagleg dyktig
– det blir stilt krav om politiattest
– det vert stilt krav til allmennlærarutdanning eller tilsvarande pedagogisk utdanning
– personlege eigenskapar vil og bli vektlagt

 

Personlege eigenskapar

– kan jobbe sjølvstendig og strukturert
– er opptatt av barn og unge si læring og utvikling
– kan rettleie elevane til godt læringsutbytte
– har fokus på klasseleiing
– opptrer som ein trygg og tydeleg vaksen
– er løysingsfokusert og utviklingsorientert
– er fleksibel, omgjengeleg og har god samarbeidsevne

 

Vi tilbyr

– eit godt arbeidsmiljø og dyktige kollegaer
– ein arbeidsplass med fokus på utvikling 
– ein kommune som er IA-bedrift og har fokus på nærværsarbeid
– gode pensjons- og forsikringsordningar i tråd med tariffavtale
– funksjonstillegg kontaktlærar kr 40.000,- pr. år

 

Tilsettingsvilkår

Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot. Kommunen har prøvetidsevaluering. Prøvetida er 6 månader i faste stillingar.
Ved tilsetting som krev politiattest skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader.
Aktuelle søkjarar vert innkalla til samtale eller intervju.

 

Referansar

Oppgi referansar

 

Søknad

Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det betyr at det berre er søknader sendt via vårt elektroniske søknadssystem som vil bli tatt i betraktning.                                                                                 

Det er viktig at du tar deg tid til å svare på spørsmåla vi stiller og registrerer din CV i søknadsskjemaet. Det er ikkje mogleg å sende vedlegg. Attestar og vitnemål må takast med til intervju.

 

Søkjarlista kan bli offentleggjort.

 

 

Søk her

 

 

Referansenummer: 25/414
Fylke: Møre og Romsdal
Jobbtype: Fast
Heiltid/Deltid: Heiltid
Arbeidstid: Dag
Stillingstype: Heiltid/Deltid
Søknadsfrist: 11.03.2025
Tiltreding: 01.08.2025
Arbeidsstad: Helland barneskule

 

Kontaktpersonar:

Gisela Stene Smith-Nilsen
mob: +47 99441455

Ingrid Elin Malin
mob: +47 97520706

 

Heimeside:

www.vestnes.kommune.no

 

Adresse:

Skulevegen 2 6390 Vestnes

 

Vestnes kommune

Helland barneskule har ca. 280 elevar på 1.-7.årssteg. Skulen har skulefritidsordning med ca. 120 barn. Helland barneskule ligg sentralt i Vestnes kommune. Skulen ligg i eit flott naturområde nær sjø, skog og fjell. Skulen nyttar seg ofte av den flotte naturen til turar og aktivitetar.

Del stillingen

Selskap

Vestnes kommune

Kontaktinfo

  • Gisela Stene Smith-Nilsen
  • Tittel:
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: +47 99441455
  • Ingrid Elin Malin
  • Tittel:
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: +47 97520706

Lokasjon

  • Tresfjord

Søknadsfrist

Mars 11, 2025