Vestnes kommune Helland ungdomsskule
Miljøarbeidarar inntil 200%
Helland ungdomsskule søkjer etter miljøarbeidarar i inntil 200% stilling, som vil ha direkte arbeid med elevar med utfordringar. Miljøarbeidarane vil vere sentrale i å analysere og gjennomføre heilskaplege tiltak for elevar i skuletid. Det vil vere tett samarbeid med dei tilsette på skulen og andre samarbeidsaktørar som helsestasjon, barnevern, PPT, m.fl. Stillingane er engasjement i eit år med moglegheit til forlenging.
Arbeidsoppgåver
– tett oppfølging av enkeltelevar med særskilte behov
– rettleie og motivere elevar fagleg og sosialt
– tverrfagleg samarbeid med andre faginstansar der det er behov
– Følgje opp enkeltvedtak
Kvalifikasjonar
– ønskjeleg med vernepleiarutdanning eller tilsvarande
– erfaring frå arbeid med særskilte behov.
– ønskjeleg med kompetanse i arbeid med sosiale ferdigheiter
– ønskjeleg med erfaring/kompetanse i traume og tilknytingsvanskar
– beherske norsk munnleg og skriftleg. Kravet til språk er minimum bestått språkopplæring på nivå B2
– det blir stilt krav om politiattest
– personlege eigenskapar vil og bli vektlagt.
Personlege eigenskapar
– positivt barnesyn
– evne til relasjonsbygging
– takle å stå i utfordrande situasjonar
– konfliktførebyggjande og dempande- åtferd
– er forutsigbar og opptrer som ein trygg og tydeleg vaksen
– er stabil og fleksibel
– har evne til å tenkje sjølvstendig og ta initiativ i jobben vil vere viktig.
Vi tilbyr
– allsidig utfordringar i eit godt fagmiljø med dyktige medarbeidarar
– løn etter gjeldande regelverk
– pensjon og forsikringsordningar etter tariffavtale
– kommunen er IA-bedrift og har fokus på nærværsarbeid
Tilsettingsvilkår
Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2% av lønna i pensjonsinnskot. Kommunen har prøvetidsevaluering. Prøvetida er 6 månader i faste stillingar.
Ved tilsetting krev vi politiattest og den skal ikkje vere eldre enn 3 månader.
Aktuelle søkjarar vert innkalla til samtale eller intervju.
Referansar
Oppgi referansar
Søknad
Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det betyr at det berre er søknader sendt via vårt elektroniske søknadssystem som vil bli tatt i betraktning.
Det er viktig at du tar deg tid til å svare på spørsmåla vi stiller og registrerer din CV i søknadsskjemaet. Det er ikkje mogleg å sende med vedlegg. Attestar og vitnemål må derfor takast med til intervju.
Søkjarlista kan bli offentliggjort
Fylke: Møre og Romsdal
Jobbtype: Engasjement
Heiltid/Deltid: Heiltid
Arbeidstid: Dag
Stillingstype: Heiltid/Deltid
Søknadsfrist: 10.08.2023
Tiltreding: 20.08.2023
Arbeidsstad: TRESFJORD
Kontaktpersonar:
Gunvald Fauske
mob: +47 95133377
Heimeside:
www.vestnes.kommune.no
Adresse: Skulevegen 2 6390 Vestnes
Vestnes kommune Helland ungdomsskule
Helland ungdomsskule har 160 elevar frå 8.-10. steg. Skulen er midlertidig lokalisert i Tresfjord.