
Faglærar i hestefaget
Har du kompetanse innan hestefag, og likar å jobbe med jobbe med ungdom? Ved vår hestelinje er det ledig vikariat som faglærar i 90 % stilling frå 06. april til 31. juli 2025, med høver til forlenging til 06. april 2026.
Førde vidaregåande skule har om lag 1000 elevar og 220 tilsette, og er den største vidaregåande skulen i Vestland Nord. Vi har fokus på profesjonsutvikling og skuleutvikling. Skulen har topp moderne spesialrom, i tillegg til ny idrettshall og eit levande bibliotek, og har som mål å levere opplæring av høg kvalitet.
Skulen er geografisk todelt, med skuledrift på Mo og i Førde sentrum. Vi tilbyr utdanningsprogramma Bygg og anleggsteknikk, Elektro og datateknologi, Helse- og oppvekstfag, Kunst, design og arkitektur, Media og kommunikasjon, Naturbruk, Restaurant- og matfag, Sal, service og reiseliv, Studiespesialisering, Teknologi og industrifag. I tillegg har vi ansvar for undervisning ved sjukehuset, vaksenopplæring og ulike kurs.
Skulestad Mo har internat med plass til 60 elevar og her ligg også skulegardsbruket med stall og ridehall. Skulegarden har ca. 420 da dyrka mark.
For meir informasjon gå til skulen si heimeside: www.forde.vgs.no
Søknadsfrist: 03.02.2025
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Stillingstittel: Faglærar i hestefaget
Stillingar: 1
Heiltid/Deltid: Deltid
Tilsetjingsform: Vikar
Stillingsprosent: 90
Webcruiter-ID: 4908417745
Startdato: 31.03.2025
Sluttdato: 31.07.2025
Arbeidsoppgåver
– Praktisk og teoretisk undervisning innan fagområdet hestefag, med vekt på dressur og sprangriding.
– Skape og utvikle opplæringa i samarbeide med elevar, kollega og skuleleiing.
– Halde seg informert om utvikling i faget og bransjen, samt å ha god kontakt med bedrifter.
– Arbeide systematisk for at elevane skal lære, fagleg og sosialt òg for at dei skal få læreplass.
Kvalifikasjonar
– Relevant fagbrev og høgare ridelærarutdanning/instruktør.
– Yrkeserfaring frå arbeid innan hestefag.
– Praktisk pedagogisk utdanning eller godkjent yrkesfaglærarutdanning.
– Undervisningserfaring er ynskjeleg, men ikkje eit krav.
– Gode IKT kunnskapar generelt og fagleg.
Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse.
Kommunisere godt på norsk munnleg og skriftleg.
Det vert vektlagt at søkjar er personleg eigna til stillinga.
Personlege eigenskapar
– Vi ønskjer søkjarar med eit positivt elevsyn, er tydeleg vaksen, og er ein god rollemodell for ungdom.
– Du har stort engasjement for faget.
– Du bidrar til elevane si faglege og sosiale utvikling.
– Du er fleksibel og ser moglegheiter.
– Du har gode ferdigheiter i kommunikasjon og relasjonsbygging, både overfor elevar, kollegaer og andre samarbeidspartar.
Vi tilbyr
– Lønns- arbeids- og tilsetjingsvilkår ut frå regeleverk og ordningar for Vestland fylkeskommune
– Gode pensjons og forsikringsvilkår
– Gode moglegheiter for utvikling og læring i eit godt arbeidsmiljø
Kontaktinformasjon
Liv Horvei
assisterande rektor
Telefon:+47 48008357
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.