Lærar i realfag – matematikk, fysikk og naturfag
Flora vidaregåande skule ligg i Florø og har sju utdanningsprogram innan både studieførebuande- og yrkesfag.
Vi er omlag 90 tilsette som kvar dag bidreg til læring, inspirasjon og trivsel for om lag 500 elevar.
Meir informasjon om skulen finn du på flora.vgs.no.
Frå 01.02.2025 har vi ledig 100 % fast stilling som lærar i realfag; særleg fysikk, matematikk og naturfag.
For søkjarar med kompetanse i andre fag som skulen tilbyr kan det verte aktuelt å undervise også i desse.
Søknadsfirs 20.11.2024.
Søknadsfrist: 20.11.2024
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Stad: FLORØ
Stillingstittel: Lærar i realfag – matematikk, fysikk og naturfag
Stillingar: 1
Heiltid/Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 4882633727
Arbeidsoppgåver
Undervisning i realfag etter kompetanse og behov. Undervisninga vil hovudsakleg vere i faga fysikk, matematikk, naturfag, eventuelt andre realfag som skulen tilbyr. Stillinga vært tillagt kontaktlæraroppgåver etter behov.
Kvalifikasjonar
Vi søkjer etter ein lærar med relevant undervisningskompetanse i realfag, særleg fysikk.
Den som blir tilsett må legge fram politiattest av nyare dato.
Personlege eigenskapar
Positiv og engasjert.
Fagleg og pedagogisk oppdatert
Evne til å setje og kommunisere klart definerte mål for undervisninga
Evne til å reflektere over og å forbetre eiga undervisning
Evne og vilje til samarbeide om planlegging, gjennomføring og evaluering
Eit elevsyn som ser høve til vekst og læring hjå alle elevar
Lojal mot vedtekne avgjerder
Vi tilbyr
Løn etter avtale og offentlege pensjons- og forsikringsvilkår.
Utfordrende og spennende oppgaver i et utviklende fellesskap
Trivelige kollegaer.
Gode faglige utviklingsmuligheter
Andre opplysningar:
Den som blir tilsett må legge fram politiattest av nyare dato.
Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste.
Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
For nærare informasjon om stillingsbehovet ta kontakt med Avdelingsleiar Siri Bakke Heggø (tlf 97 59 34 33) eller rektor Lars Anders Nybu (tlf 415 30 604) Søknadsfrist: 20.11.2024
Professor Gjeldsviksv 22, 6900 FLORØ, Norge
Kontaktinformasjon
Lars Anders Nybu
Rektor ( vikariat)
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.