Molde by

Indre Nordmøre prosti, Den norske kirke, Møre bispedøme

Sokneprest i Indre Nordmøre prosti med sokna i Surnadal som særskild tenestestad.

Vårsøglandet er ikkje berre eit poetisk omgrep, det er og ein geografisk stad. Det ligg i Surnadal på Nordmøre. “Eg veit meg ei bygd innmed Trollheimen blå med vangar så vide og glitrande å og fagraste fjorden i fanget.” Slik heiter det i songen som ber kommunens namn. På ein særskild måte er naturens mangfald synleg og tilgjengeleg i Surnadal, og ein kan seie at slik speglar han mykje av den rikdommen som finst i kyrkje, kultur og samfunnsliv elles. I Surnadal ligg alt til rette for eit godt liv i vakre omgjevnader.

No er det ledig stilling som sokneprest i Indre Nordmøre prosti med sokna i Surnadal som særskild tenestestad og prostiet som tenestedistrikt. Dette er den eine av to prestestillingar i kommunen. Frå april 2023 har prosten hatt sitt sete i kommunen. Soknepresten vil få ei rolle i utforminga av den nye organiseringa, og arbeidsfordelinga prestane imellom. Kommunen har 6 kyrkjer og 5 sokn. Kyrkjene Ranes, Stangvik, Todalen, Øye og Åsskard er såkalla langkyrkjer bygd i andre halvdel av 1800-talet. Mo kyrkje er ei av 5 Y-kyrkjer i landet, og fyller 300 år i 2028. Det er gravplassar i tilknyting til alle dei seks kyrkjene i kommunen, og alle sokn nyttar nynorsk.

Staben i Surnadal har kontor og møtelokale i eige bygg på Skei. Kyrkjelydshuset er eit fleirbrukshus med mykje aktivitet gjennom veka. I tillegg til dei to prestane består staben av kyrkjeverje, 2 kantorar, 2 diakonar, trusopplærar, sekretær og kyrkjetenarar. Surnadal sjukeheim ligg på Skei, og her er det regelmessig andakter og gudstenester. Det er organiserte forsongargrupper ved alle kyrkjene og det er kor med tilknyting til sokna. Prestane i prostiet møtest også regelmessig til kollega- og fagsamlingar rundt om i prostiet.

Det er to prestebustader i kommunen. Den tradisjonsrike prestebustaden i Stangvik har status som rekrutteringsbustad, og vil i nær framtid bli rusta opp slik at han kan tene til dette formålet.

Kyrkja si stilling i lokalsamfunnet er sterk, grunnfesta i ei djup og slitesterk tilhøyrsle hos folk flest. Kyrkja er viktig både som tradisjonsberar og identitetsmarkør. Medlemstala har vore stabilt høge, og kyrkjelege handlingar som dåp og konfirmasjon har ei oppslutning på omkring 90 %. Det er eit tett samarbeid om konfirmantarbeidet mellom prestane og andre tilsette. Sokneråda bidreg også inn i dette arbeidet, og jobbar godt og systematisk med planar. Det er også etablert fellesarrangement for konfirmantane i heile prostiet, og det er ønskje om å utvikle dette vidare.

Du er velkommen til å sende din søknad med CV, vitnemål og referansar til vårt elektroniske system, Webcruiter. Dersom du ikkje ønskjer namnet ditt på den offentlege søkjarlista, må dette grunngjevast i søknaden. Grunnane vil bli vurdert individuelt. Dersom bispedømeadministrasjonen ikkje finn dei tilstrekkelege, blir søkjaren kontakta før søkjarlista blir offentleggjort.

Arbeidsoppgåver

Soknepresten skal i tråd med “Tjenesteordning for menighetsprester” forvalte Ord og sakrament slik at kristen tru og liv blir fremja i kyrkjelydane.
Soknepresten held gudstenester og forrettar kyrkjelege handlingar, deltar i dåps- og konfirmantopplæringa, utøver sjelesorg og vegleiing, samt anna forkynnararbeid.
Det vil så langt muleg bli teke omsyn til kompetanse, erfaring, interesser og nådegåver i fordeling av oppgåvene mellom prestane.
Soknepresten er med i beredskapsordning for prestane

Kvalifikasjonar

Dei formelle kvalifikasjonskrava for tilsetting av sokneprest er å finne i “Forskrift om tilsetting av menighetsprest”.
Vi søkjer etter ein prest med lyst og evne til å utøve pastoralt leiarskap, som kan vise til gode leiareigenskapar og gode evner til samarbeid med kolleger og tverrfagleg.
Du må kunne arbeide med struktur og planlegging og like å samarbeide med stab, frivillige, sokneråd og fellesråd om planar og visjonar.
Søkjar må kunne samarbeide også liturgisk med kollegaer uavhengig av kjønn eller teologisk usemje.
Søkjarar som ikkje er ordinerte, vert bedne om å gjere greie for tilhøvet til programmet “Veien til vigsling” (VTV). Ordinasjon føreset normalt fullført VTV.
Ordinert søkjar som er stabsborgar i anne EØS-land vert gjort merksam på krav om attest som viser autorisasjon til presteteneste i Den norske kyrkja, gjeve av Kyrkjerådet, krav om medlemsskap i Den norske kyrkja og krav om å beherske norsk språk, jfr Forskrift om tilsetting av menighetsprest §6
Søkjer må opplyse om han/ho beherskar begge målformer. Nynorsk vert nytta i kyrkje og skule.

Personlege eigenskapar

Personlege og faglege eigenskapar vil bli vektlagde.
Kontaktskapande med evne til å bygge nettverk.
Sjølvstendig og strukturert.
Evne til å formidle evangeliet til ulike aldersgrupper.
Vere med å skape eit godt samarbeid med tilsette og med frivillige medarbeidarar.

Vi tilbyr

Løn etter hovudtariffavtalen for Den norske kyrkje, lønsgruppe 1555 sokneprest. Innskot i Statens pensjonskasse
Godtgjersler og tilskot etter dei vilkår som til kvar tid er fastsette. Den som vert tilsett, må rette seg etter endringar i lover, tariffavtalar, særavtalar, reglement mv. og andre avgjerder som kan ha verknad på gjeremåla i tenesta
Gode vilkår for kompetanseutvikling, arbeidsvegleiing (ABV) og andre former for vegleiing
Eit godt samarbeid mellom staben i samarbeidsområdet, og mellom dei tilsette i prostiet. Prestane møtest regelmessig til kollega- og fagsamlingar

Anna

For å bli tilsett må ein ha førerkort klasse B og kunne disponere eigen bil i arbeidet
Den som får tilbod om stillinga må legge fram barneombodsattest (politiattest), jfr Lov om tros- og Livssynssamfunn § 20
Det er innført prøvetid på 6 månader for alle faste tilsette
Møre bispedøme arbeider for å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og ynskjer å legge til rette for menneske med redusert funksjonsevne

Kontaktinformasjon

Anne-Marit Hagelund, avdelingsleiar personal, +47 92235009
Arbeidssted Bårdshaugvegen 21
6650 Surnadal

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Den norske kirke

Referansenr.: 4752153116

Stillingsprosent: 100% Fast

Søknadsfrist: 25.02.2024

Om stillingen

Stillingstittel Sokneprest i Indre Nordmøre prosti med sokna i Surnadal som særskild tenestestad

Antall stillinger 1

Ansettelsesform Fast

Prosent 100 %

Heltid/deltid Heltid

Arbeidsspråk Norsk

 

Søk på stillinga her.

 

Kontaktperson for stillingen

Anne-Marit Hagelund

avdelingsleiar personal

+47 92235009

Om arbeidsgiveren

Indre Nordmøre prosti, Den norske kirke, Møre bispedøme

Hjemmeside

www.kirken.no

 

Indre Nordmøre prosti omfattar kommunane Gjemnes, Surnadal, Sunndal og Tingvoll, og har til saman 13 sokn og i overkant av 15 000 medlemmar i Den norske kyrkja. Det er til saman 6,45 prestestillingar.

Surnadal kommune ligg på Nordmøre ved foten av Trollheimen. Landskapet er variert med både vide sletter, djupe fjordar, mektige skogar og høge fjell. På grunn av mildt klima og godt jordsmonn har jordbruk ein sentral plass, og i tillegg er skogbruk, industri og turisme viktige næringar. Handels- og servicetilbodet er godt utbygd, og kommunen har eit rikt idretts- og kulturliv. Det er god barnehagedekning, det er fleire barneskular, ungdomsskule og vidaregåande skule, og Nordmøre Folkehøgskule ligg og i kommunen. I kommunen finn ein og idrettshall, svømmehall og anlegg for friidrett, skisenter og alpinanlegg.

 

Del stillingen

Selskap

Møre bispedøme

Kontaktinfo

  • Anne-Marit Hagelund
  • Tittel: Avdelingsleiar personal
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: +47 922 35 009

Lokasjon

  • Surnadal

Søknadsfrist

Februar 25, 2024