Ullensvang kommune Opedal skule

 

200% stilling som lærar ved Kinsarvik skule

 

Ledig lærarstilling ved Kinsarvik skule

Som lærar hos oss får du arbeide i eit miljø med kjekke kollegaer, høg kompetanse og moglegheit til å delta i vidareutvikling av skulekvardagen til 169 flotte elevar!

Ledig lærarstilling ved Kinsarvik skule, skuleåret 2024-25

Det blir ledig 200 % fast stilling eller meir ved Kinsarvik skule frå 01.08.2024.

Me treng lærar på ungdomstrinnet i norsk og engelsk, i tillegg til naturfag, musikk og arbeidslivsfag. Kan og bli tildelt funksjonen som kontaktlærar.

Kinsarvik skule er ein 1.-10. skule i Ullensvang kommune. Skulen har 169 elevar, og 40 tilsette. Me ligg fint til i sentrum av bygda Kinsarvik med gode uteområde rundt skulen.

Utviklingsområdet vårt er motivasjon og meistring for alle. I tillegg arbeider skulen for at alle elevane skal ha eit godt læringsmiljø.

Skuleleiinga består av rektor og to avdelingsleiarar.

Skulen har 60 % merkantil ressurs.

Ynskte kvalifikasjonar:

● Godkjent undervisningskompetanse

Personlege eigenskapar:

Me ser etter deg som :

● trivst i lag med ungdomar

● er ein god klasseleiar

● er sjølvstendig

● har gode samarbeidsevner og god relasjonskompetanse

Me tilbyr:

● Varierte arbeidsoppgåver

● Løn etter hovudtariffavtalen

● Gode moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen

● Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA), fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår

 

Søk på stillingen her.

 

Fylke: Vestland

Jobbtype: Vikariat

Heiltid/Deltid: Heiltid

Arbeidstid: Dag

 

Søknadsfrist: 27.06.2024

 

Arbeidsstad: Kinsarvik

 

Kontaktpersonar:

Therese Opheim

mob: +47 95758480

 

Heimeside:

ullensvang.kommune.no

Ullensvang kommune 

– ein ny, livskraftig og attraktiv kommune i Hardanger.

Ullensvang kommune er ein attraktiv stad å bu, arbeida og starta næringsverksemd! Vi kan tilby spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i ein kommune som er i utvikling. Her finn du fjord, fjell, fonn, frukt, landbruk, havbruk og verdsleiande industri i ein og same kommune. Kommunen har omlag 11 100 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter i kommunen omkransa av sterke bygder.

Oppdraget vårt er å levera gode tenestar, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og ynskjer å ha fleire med på laget.
Tar du utfordringa ?

Lenkjetekst
Tilgjengelegheitserklæring for nettsidsa

Lenkje
https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/bac52677-0999-4760-90dd-d3d03abdaf49 

Del stillingen

Selskap

Ullensvang kommune

Kontaktinfo

  • Therese Opheim
  • Tittel:
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: mob: +47 957 58 480

Lokasjon

  • Kinsarvik

Søknadsfrist

Juni 27, 2024