LØberget

 

Miljøarbeidar, 100% fast

 

 

Om stillinga

Miljøtenesta har base på Dalsøyra, men yter bistand til brukarar i heile kommunen.

Gulen kommune har ledig 100% fast stilling som miljøarbeidar ved Miljøtenesta frå snarast/etter avtale. Stillinga har ein kombinasjon av langvakter, kortvakter og døgnvakter i avlastingstenesta. Ein forsøker å legge til rette for at ein kan arbeide intensive periodar, med moglegheit for overnatting mellom vaktene dersom ein pendlar.

Me håpar du har lyst å sende inn ein søknad til oss! Ta gjerne kontakt med einingsleiar (kontaktperson i annonsen) om du har spørsmål til stillinga og du lurer på å søkje.

 

Arbeidsoppgåver

Som miljøarbeidar jobbar ein med menneske i alle aldrar og ulike situasjonar. Brukarmedverknad og omsorg skal ligge til grunn i arbeidet. Miljøarbeidaren må kunne arbeide sjølvstendig, og ein bør ha eigenskapar som gjer deg til ein initiativrik, stødig og ansvarsfull person.

  • Legge til rette for og bistå brukarar med ulike funksjonsnivå i daglege gjeremål og fritidsaktivitetar
  • Følgje opp dei daglege rutinene
  • Andre oppgåver etter behov

 

Kvalifikasjonskrav

  • Autorisasjon som helsefagarbeidar, fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar eller tilsvarande. Andre kan også søkje og verte vurdert for mellombels tilsetjing, dersom ein ikkje får tilsett kvalifiserte søkjarar.
  • Førarkort klasse B
  • Gyldig politiattest
  • God skrifleg og munnleg framstillingsevne (norsk)

 

Personlege eigenskapar

  • Kommuniserer godt på norsk, og har erfaring frå og god kjennskap til norsk helsevesen
  • Samhandlar godt med brukarar og andre samarbeidspartnarar
  • Jobbar sjølvstendig, tar initiativ, er fleksibel og løysingsorientert
  • Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing

 

Anna

  • Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
  • Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar. Vi har frå juli 2023 innført ekstra helgetillegg på 50 kr/time, i tillegg til tariff, med evaluering husten 2024.
  • For tilsetjing innan pleie og omsorg, Miljøtenesta, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
  • Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering.

 

Om oss

Gulen kommune ligg vakkert til ved innløpet til Sognefjorden. Kommunen består av både fjell- og kystlandskap, med 1500 øyer, holmar og skjær, som innbyr til eit aktivt friluftsliv både på land og ved sjøen.

Kommunen har 2230 innbyggjarar, ledige barnehageplassar, og er eit godt oppvekstmiljø for barn og unge. Sjå Gulen kommune for meir informasjon.

 

Spørsmål om stillinga

Carolyn Westervik
Einingsleiar miljøtenesta
94190490
[email protected]

 

 

Søk stillinga

 

 

Søknadsfrist: 29. september 2024
Arbeidsgivar: Gulen kommune
Kommune: Gulen
Omfang: Heiltid
Varigheit: Fast
Arbeidsstad: Gulafjordvegen 1521, 5960 Dalsøyra

Del stillingen

Selskap

Gulen kommune

Kontaktinfo

  • Carolyn Westervik
  • Tittel: Einingsleiar miljøtenesta
  • E-Post: [email protected]
  • Mobil/Tlf: 94190490

Lokasjon

  • Dalsøyra

Søknadsfrist

September 29, 2024