Førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor i barnevernsfagleg arbeid
Om stillinga
Ved Høgskulen i Volda (HVO), Avdeling for samfunnsfag og historie, er det ledig ei 100 % fast stilling som førsteamanuensis/førstelektor/høgskolelektor i barnevernsfagleg arbeid frå d.d.
Vi søker deg som har lyst til å være en del av eit godt fagmiljø, og ønskjer å bidra i vidareutvikling av sosialt arbeid med barnevernsfagleg innretning, både gjennom forsking og undervisning.
Stillinga er knytt til Institutt for sosialfag, der det no er omlag 30 tilsette. Fagmiljøet har brei kompetanse innanfor sosialt arbeid og barnevern, og har eit mangfaldig forskarmiljø med pågåande prosjekt både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet har samarbeid med høgskular/universitet i utlandet om forsking, utveksling og praksis.
For studieåret 2023-2024 har instituttet ca. 500 studentar og ansvar for følgjande utdanningstilbod: bachelor i sosialt arbeid – barnevernspedagog, bachelor i sosialt arbeid – sosionom, master i helse- og sosialfag og master i barnevernsfagleg arbeid. Instituttet tilbyr også vidareutdanningar, og utdanning på ph.d.-nivå i samarbeid med Høgskulen i Molde.
Kvalifikasjonar
Vi søker etter ein kollega som har interesse for forsking og undervisning innanfor barnevern og sosialt arbeid. I denne stillinga søker vi spesielt etter barnevernsfagleg kompetanse.
Den som vert tilsett må:
- Ha kunnskap om og erfaring frå arbeid med barn, unge og familiar i utsette livssituasjonar, eller relevant forskingserfaring frå dette feltet
- Ha interesse for forsking og utviklingsarbeid med relevans for barnevern og sosialt arbeid
- Kunne arbeide sjølvstendig, ta initiativ og vere fleksibel
- Ha gode samarbeids- og formidlingsevner
- Ha høgt etisk medvit i møte med studentar, praksisfeltet og andre samarbeidspartnarar
- Kunne bruke digitale verktøy i arbeidskvardagen
- Vere personleg eigna for stillinga.
Det tel positivt om søkjarar:
- Kan dokumentere relevant kompetanse i og erfaring frå undervisning og formidling innanfor sosialt arbeid og/eller forsking, gjerne med barnevernsfagleg innretning
- Har eit nasjonalt og internasjonalt forskingsnettverk
Søkaren må ha gode norsk- og engelskkunnskapar, både skriftleg og munnleg. Undervisings- og administrasjonsspråket ved høgskulen er norsk.
For kvalifikasjonar på ulike kompetansenivå (førsteamanuensis, førstelektor og høgskulelektor), viser vi til: Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger
Søkjarar til stilling som høgskulelektor som ikkje innfrir kravet til pedagogisk kompetanse, kan bli tilsett med vilkår om å opparbeide seg dette etter tilsetjing.
Når det gjeld kravet om pedagogisk basiskompetanse for tilsetjing i stilling som førsteamanuensis, viser ein til HVO sine interne retningslinjer for pedagogisk basiskompetanse.
Dagleg arbeidsstad er Høgskulen i Volda.
Aktuelle søkarar kan bli kalla inn til intervju og prøveundervising. Tilsetjing vil skje i tråd med dei faglege behova ved instituttet.
Arbeidsfelt
Den som blir tilsett i stillinga vil undervise og rettleie studentar, hovudsakleg på bachelor i sosialt arbeid; barnevernspedagog og sosionom, og på master i barnevernsarbeid. Institutt for sosialfag har i studieåret 2023 starta en ny mastergrad i barnevernsarbeid. Søkjar med relevant kompetanse for å undervise på dette nivået, blir forventa å bidra inn i undervisning og utvikling av denne masteren.
Instituttet er involvert i fleire forskingsprosjekt og har god publiseringsaktivitet. Det er venta at alle tilsette er aktive medlemmer i ei av forskingsgruppene ved høgskulen, og bidrar aktivt inn i forsking og utviklingsarbeid. Sentrale forskingstema ved instituttet er barnevern, sosialt arbeid, rus, familie og oppvekst, tverrprofesjonelt arbeid
Vi tilbyr
HVO tilbyr varierte arbeidsoppgåver i ei stor, spanande og samfunnsviktig verksemd.
Avdelinga har eit inkluderande og godt fagleg arbeidsfellesskap, der det er høve til fagleg og personleg utvikling.
Høgskulen i Volda har gode vilkår for forsking, og det finst fleire aktive forskargrupper på ulike fagfelt. Stillinga er løna etter kompetanse og kvalifikasjonar i statens lønsregulativ. Normal årsløn for desse stillingskoda ved HVO er:
Høgskulelektor 1008 kr. 584 500 – 749 049,-, førstelektor 1198 kr. 685 054 – 799 721 og førsteamanuensis 1011 kr. 640 000 – 817 690.
Generell informasjon
Ved HVO er vi opptatt av mangfald. Medarbeidarar med ulik livserfaring vil gjere oss i stand til å finne gode løysingar på arbeidet vårt. Vi oppmodar difor alle til å søke stillinga utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkommen til å søke sjølv om du ikkje kan vise til ei samanhengande yrkeskarriere. Lokala er universelt utforma, og vi legg tilhøva til rette for personar med nedsett funksjonsevne.
Dersom du har nedsett funksjonsevne, innvandrarbakgrunn eller hol i CV kan du bli positivt særbehandla om du kryssar av for dette når du søker stillinga. Vi vil invitere minst éin kvalifisert søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli positivt særbehandla på denne måten, må du oppfylle visse krav. Les meir om dette på arbeidsgiverportalen.
Tilsetjing skjer på dei vilkåra som følgjer av lov om offentlege tenestemenn, regulativ, reglement og instruksar som til ei kvar tid gjeld for stillinga, mellom anna lovfesta innskot i Statens pensjonskasse.
Aktuelle kandidatar vert innkalla til intervju. Søkjarar som vert kalla inn til intervju, må ta med originalar av vitnemål og attestar for å dokumentere dei elektronisk innsende vedlegga.
Om søknaden
Alle som søker stillinga må søke digitalt gjennom rekrutteringsportalen Jobbnorge. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå informasjon som ligg føre ved utløp av søknadsfristen. Det er viktig at du viser korleis din kompetanse fyller kriteria for stillinga
Offentleg søkarliste blir utarbeidd etter at søknadsfristen er ute. Dersom du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må dette grunngjevast i Jobbnorge. Du vil bli varsla om reservasjon ikkje blir tatt til følge.
Følgjande dokument/filer skal leggjast ved den elektroniske søknaden:
- Vitnemål og attestar, samla i ei fil
- CV
- Masteroppgåve
- Andre vitskapelege arbeid
Dei faglege kvalifikasjonane til søkjarane vert vurderte av eit sakkunnig utval.
Kontakt
Nærare opplysningar om stillingane får ein ved å kontakte dekan, Jorunn Sem Fure, tlf.: 97 79 71 94, epost: jorunn.sem.fure@hivolda.no og instituttleiar, Finn Ove Båtevik, tlf.: 70 07 52 13, e-post batevik@hivolda.no.
Om avdelinga
Avdeling for samfunnsfag og historie har undervisningsansvar for ca. 1300 studentar, fordelte på tre institutt: Institutt for planlegging, administrasjon og skuleretta samfunnsfag (IPAS), Institutt for sosialfag (ISF) og Historisk institutt (HI).
Studiebygda Volda
Midt mellom fjord og fjell på spektakulære Sunnmøre finn du Høgskulen i Volda, med sine lange tradisjonar.
Les meir på www.hivolda.no
Om Høgskulen i Volda
Høgskulen i Volda er høgskulen for humaniora og samfunnsvitskap i Møre og Romsdal. Vi er ein spennande kompetanseorganisasjon i vekst med om lag 4500 studentar og 380 tilsette. Vi gjev undervisning i ei rekkje fagområde, yrkesretta utdanningar og etter- og vidareutdanningar i nært samarbeid med samfunns- og næringsliv. Høgskulen i Volda driv mykje forsking og utviklingsarbeid og satsar på forskaropplæring og kompetanseoppbygging for dei tilsette i samarbeid med universitet i inn- og utland.
- Søknadsfrist: 18. mars 2024
- Arbeidsgivar: Høgskulen i Volda
- Kommune: Volda
- Omfang: Heiltid
- Varigheit: Fast
- Arbeidsstad: Joplassvegen 11, 6103 Volda