Alvedalsvatnet og ein kano

 

Lærar, i inntil 100% fast stilling

 

 

Om stillinga

Kom og jobb som lærar i Gulen kommune! Byrknes barnehage og skule søkjer etter i inntil 100% fast stilling som lærar frå snarast. Sjå punktet «arbeidsoppgåver/kompetanse» for meir informasjon om stillinga. 

Byrknes barnehage og skule består av 1-10-skule og barnehageavdeling. Klikk deg inn her og sjekk ut eininga. Ved Byrknes barnehage og skule er det læring og trivsel som står i høgsetet. Eininga er oppteken av å ha eit trygt og godt skulemiljø, kor gode relasjonar mellom elevar og vaksne er avgjernade for ein god skulekvardag. 

 Ta gjerne kontakt med einingsleiar (kontaktperson i annonsen) om du har spørsmål til stillinga.

 

Arbeidsoppgåver/kompetanse

Byrknes barnehage og skule er ein av fire skular i Gulen kommune. Skulane er relativt små 1-10- skular, kor dei ulike klassetrinna vekslar på å ha undervising åleine og saman med andre klassetrinn. For å få dekka all undervising ved skulane, er vi avhengig av at dei faste lærarane har undervisingskompetanse i fleire fag. Ved tilsetjing vil vi vurdere kompetansen hjå søkjarane knytt opp mot den samla kompetansen og behovet i eininga. Vi søkjer derfor etter lærarar som har breid undervisingskompetanse. Akkurat no er behovet størst for kompetanse innan undervisning på ungdomsskulen.

 

Personlege eigenskapar 

  • Er fagleg bevisst og godt førebudd til undervisning
  • Har gode kommunikasjonsevner, samhandlar godt med elevane og er ein tydeleg klasseleiar
  • Samarbeider aktivt i det profesjonsfaglege fellesskapet om utviklinga av læringmiljø og læringsutbytte
  • Gode IKT- kunnskapar
  • Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing

 

Anna 

  • Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
  • Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
  • For tilsetjing innan pleie og omsorg, Miljøtenesta, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
  • Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering
  • Løn etter tariff
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar 

 

Om oss 

Gulen kommune ligg vakkert til ved innløpet til Sognefjorden. Kommunen består av både fjell- og kystlandskap, med 1500 øyer, holmar og skjær, som innbyr til eit aktivt friluftsliv både på land og ved sjøen.

Kommunen har 2230 innbyggjarar, ledige barnehageplassar, og er eit godt oppvekstmiljø for barn og unge. Sjå Gulen kommune for meir informasjon.  
 
 
Spørsmål om stillinga

Evelyn Monslaup
Einingsleiar Byrknes barnehage og skule
+47966 25 226
evelyn.monslaup@gulen.kommune.no

 

 

Søk stillinga

 

 

Søknadsfrist: 7. februar 2025
Arbeidsgivar: Gulen kommune
Kommune: Gulen
Omfang: Heiltid
Varigheit: Fast
Arbeidsstad: Nordre Garden 24, 5970 Byrknesøy

Del stillingen

Selskap

Gulen kommune

Kontaktinfo

  • Evelyn Monslaup
  • Tittel: Einingsleiar Byrknes barnehage og skule
  • E-Post: evelyn.monslaup@gulen.kommune.no
  • Mobil/Tlf: +47966 25 226

Lokasjon

  • Byrknesøy

Søknadsfrist

Februar 7, 2025